Dette er ei annotert liste over publikasjonane mine med nedlastbare pdf-filer. Dels er det den ferdige publikasjonen (kopi eller pdf frå forlaget/tidsskriftet), dels (pga. kopirettar) den siste versjonen eg sjølv sit på (postprint), før sats og sistekorrektur. Publikasjonane er delte i
| 2021 | Namn langs Orkla. Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren. Stian Hårstad & Ivar Berg. Trondheim: Museumsforlaget. Lenke — Populærvitskapleg bok med stadnamn langs Orkla som utgangspunkt. Me nøstar opp i historia til ulike namn, greier ut om opphav og tyding og set namna i samband med språk, dialekt og (lokal)historie. |
| 2019 | Språket som vart norsk Oslo: Universitetsforlaget. Nettside Lenke — Ei innføring i den eldre norske språkhistoria med særleg vekt på gamalnorsk og viktige endringar til dei tradisjonelle dialektane. Boka er skriven for innføringsemne i språkhistorie på universitetet, men skal kunne lesast av andre interesserte. |
| 2013 | Runestudiar. Festskrift til Jan Ragnar Hagland Redigert av Ivar Berg, Arnold Dalen & Karin F. Seim. Trondheim: Akademika. — Festskrift utgjeve til 70-årsdagen hans Jan Ragnar Hagland i 2013. Boka inneheld ei samling artiklar av jubilanten om runer, med ei biografisk innleiing og bibliografi over produksjonen hans. |
| 2013 | Eit seinmellomalderleg skrivemiljø: Nidaros erkesete 1458–1537 Doktoravhandlinga mi går gjennom tekstane frå erkesetet i denne perioden og drøftar språkforma, skiftet frå norsk til dansk skriftspråk, tilhøvet mellom ulike språk og meir overordna spørsmål om kva rolle språk og skrift spela i samfunnet og i dette skrivemiljøet spesielt. PDF. |
| 2025b | Lydutvikling i og normering av nokre stadnamn. Namn og nemne 42, s. 73–94. PDF Lenke — Diskusjon av nokre stadnamn med interessant lydutvikling fram til moderne dialektformer, inkludert tolkingsforslag av Bogge og diskusjon av forma hog (jf. haug). Lydhistoria er relevant for fastsetjinga av skrivemåtane av desse namna. |
| 2025a | Rimkrønika og andre soger om Heilag-Olav. I Henrik Ågren & Erik Opsahl (red.), Sankt Olav och grannfolken. En svensk rimkrönika om en norsk helgonkung, s. 23–47. Uppsala: Historiska institutionen, Uppsala universitet. PDF Lenke — Ei kort framstillinga av kongesoger som sjanger, så ein diskusjon av kjeldegrunnlaget for og særtrekk ved ei svensk omarbeiding av soga om Heilag-Olav frå 1400-talet. |
| 2024 | Stadnamn og språkhistorie. I Evy Beate Stykket, Ingvil Brügger Budal, Bernt Ø. Thorvaldsen & Urd Vindenes (red.), Språkhistoriske muligheter i skole og utdanning, s. 79–98. Oslo: Cappelen damm akademisk. PDF Lenke — Nokså tilgjengeleg artikkel om korleis stadnamn kan studerast språkhistorisk, og korleis namna kan vera ein inngang til språkhistoria. |
| 2021 | Palatalisering av velarer: Historie, variasjon og normering. Ivar Berg & Leiv Inge Aa. I Kristin Hagen, Gjert Kristoffersen, Øystein A. Vangsnes & Tor A. Åfarli (red.), Språk i arkiva: Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet, s. 19–40. Oslo: Novus. PDF Lenke — Me studerer utbreiinga av palatalisering av norr. /ɡ, k/ i dialektane i dialektkorpus og diskuterer tilhøvet til j-skriving i nynorsk. |
| 2019 | Gender and declension mismatches in West Nordic I Claudia Fabrizio & Michela Cennamo (red.), Historical Linguistics 2015, s. 97–114. Amsterdam: John Benjamins. Postprint Lenke — I vestnordisk språkhistorie har det vore ein tendens til å samordne genus og bøyingsklasse. Denne artikkelen diskuterer dette, og særleg tilfelle som bryt med hovudmønsteret. |
| 2018c | Reformasjonen og norsk språkhistorie Teologisk tidsskrift 7:3, s. 167–176. PDF Lenke — Eit tingingsverk i høve reformasjonsjubileet som avliver myten om at reformasjonen var avgjerande for innføringa av dansk som skriftspråk i Noreg. |
| 2018b | Skriftkulturen ved erkesetet i seinmellomalderen I Erik Opsahl & Øystein Ekroll (red.), Nidaros erkesete i seinmellomalderen, s. 79–103. Oslo: Novus. PDF Lenke — Byggjer på tidlegare arbeid, men legg stoffet til rette for eit ålmennhistorisk interessert publikum. |
| 2018a | Geografisk og sosial variasjon. Tida fram til 1600 I Brit Mæhlum (red.), Norsk språkhistorie II: Praksis, s. 165–190. Oslo: Novus. Postprint Lenke — Mest vekt på geografisk variasjon, dvs. framveksten av ulike målmerke som skil norske dialektar, og forsøk på datering av dei. |
| 2017b | Business writing in early sixteenth-century Norway. I Esther-Miriam Wagner, Bettina Beinhoff & Ben Outhwaite (red.), Merchants of Innovation. The Languages of Traders, s. 89–107. Boston/Berlin: de Gruyter Mouton. Postprint Lenke — Om ulike språk i bruk i handel og språkblanding i rekneskapar og liknande tekstar. |
| 2017a | Kor gamle er dei norske dialektane? I Jan-Ola Östman, Caroline Sandström, Pamela Gustavsson & Lisa Södergård (red.), Ideologi, identitet, intervention. Nordisk dialektologi 10, s. 123–132. Helsinki: Helsingfors universitet, Finska, finskugriska och nordiska institutionen. PDF Lenke — Avkok av bolken i Norsk språkhistorie II (2018a) med nokre prinsipielle refleksjonar og somt anna som ikkje fekk plass der. |
| 2016c | The making of the Scandinavian languages I Gijsbert Rutten & Kristine Horner (red.), Metalinguistic Perspectives on Germanic Languages. European Case Studies from Past to Present, s. 35–55. Oxford: Peter Lang. Postprint Lenke — Drøftar når folk byrja å oppfatte norsk, svensk og dansk som ulike språk, og korleis dette heng saman med den politiske historia. |
| 2016b | A note on the relationship between Scandinavian and Low German Journal of Historical Sociolinguistics 2:2, s. 189–210. Postprint Lenke — Argumenterer for at skandinavisk og lågtysk i seinmellomalderen var såpass ulike at dei ikkje var ymsesidig forståelege, slik det har vore hevda. |
| 2016a | Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen Maal og Minne 2016:1, s. 1–34. PDF Lenke — Presenterer ei liste over boksamlinga til domkapittelet i Nidaros frå 1550-åra. Ho inneheld moderne europeisk litteratur, men ingen norrøne tekstar. Artikkelen set samstundes dei norrøne og latinske tekstkulturane opp mot kvarandre. |
| 2015b | Stages in deflexion and the Norwegian dative I Dag T.T. Haug (red.), Historical Linguistics 2013, s. 179–194. Amsterdam: John Benjamins. Postprint Lenke — Om kasussamanfallet i norsk; jf. den utvida versjonen på norsk (2015a). |
| 2015a | Nokre sider ved det norske kasusbortfallet i seinmellomalderen Maal og Minne 2015:1, s. 1–35. PDF Lenke — Byggjer på same kjeldemateriale som 2015b, men er sterkt utvida, særleg med data frå norske dialektar. |
| 2014c | Mellomnorsk bibliografi I Tove Bull, Gulbrand Alhaug & Aud-Kirsti Pedersen (red.), Endre-boka. Postfestumskrift til Endre Mørck, s. 365–379. Oslo: Novus. Lenke — Oversyn over arbeid om mellomnorsk språk, tidfest til 1350–1525. Eg prøver å halde denne versjonen oppdatert og tek gjerne imot tilføyingar. |
| 2014b | Om normalisert norrønt Arkiv för nordisk filologi 129, s. 21–54. PDF — Skildrar utviklinga av den norrøne normalortografien i grammatikkar, ordbøker og tekstutgåver, og set dette i samband med dei vitskaplege paradigma som rådde på 1800-talet. |
| 2014a | Rural literacy in sixteenth century Norway I Ann-Catrine Edlund, Lars-Erik Edlund & Susanne Haugen (red.), Vernacular Literacies – Past, Present and Future, s. 125–135. Umeå: Umeå Universitet og Kungliga Skytteanska Samfundet. PDF Lenke — Tek opp kva forhold ålmugen i Noreg hadde til skriftspråk, og ser på den norske språkforma i dei såkalla bondebreva frå 1500-talet. |
| 2013 | Variation in a Norwegian sixteenth-century scribal community I Esther-Miriam Wagner, Ben Outhwaite & Bettina Beinhoff (red.), Scribes as Agents of Language Change, s. 277–290. Berlin: Mouton de Gruyter. PDF Lenke — Avkok av doktoravhandlinga. |
| 2011 | Mellom norsk og dansk. Skriftspråk og talemål ikring 1500 I Helge Sandøy & Ernst Håkon Jahr (red.), Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814). Minneskrift for Kjartan Ottosson, s. 17–31. Oslo: Novus. PDF Lenke — Viser nokre døme på kva tekstar, både på norsk og dansk, frå tida ikring 1500 fortel om norsk talemål, og kva ein elles kan bruke dei til. |
| Upub. | Norrøn filologi Kompendium skrive til NORD2200 ved NTNU hausten 2023 (rev. 2025), 32 sider. PDF — Litt faghistorie, litteraturhistorisk kontekst, om tekstutgåver og språkleg variasjon i norrønt. |
| Upub. | Norsk språkvitskap på 1800-talet Kompendium skrive til SPRÅK3002 ved NTNU hausten 2022 (rev. 2023), 41 sider. PDF — Ser utviklinga av språkvitskapen i Noreg i internasjonalt perspektiv, med vekt den filologiske bakgrunnen og institusjonaliseringa av språkforskinga. |
| 2019 | Morfologi I Heidi Brøseth, Kristin Melum Eide & Tor A. Åfarli (red.), Språket som system: norsk språkstruktur, s. 69–99. Bergen: Fagbokforlaget. Lenke — Ei innføring i sentrale delar av norsk morfologi med vekt på generelle prinsipp meir enn komplett oversyn. |
| 2017 | Språkhistorie I Mari-Ann Igland & Mari Nygård (red.), Norsk 5–10. Språkboka, s. 137–151. Oslo: Universitetsforlaget. 2. utg. 2021. Lenke — Eit lite kapittel som oppsummerer ein del lange liner i norsk språkhistorie, skriven til eit læreverk for grunnskulelærarutdanninga. |
| 2013 | Jan Ragnar Hagland – fagleg profil I Ivar Berg, Arnold Dalen & Karin F. Seim (red.), Runestudiar. Festskrift til Jan Ragnar Hagland, s. 5–13. Trondheim: Akademika. PDF — Omtale (samskriven av redaktørane) av det faglege arbeidet hans Jan Ragnar Hagland, trykt som føreord i festskriftet til 70-årsdagen hans i 2013. PDF-fila har med innhaldslista i festskriftet, som er ei samling artiklar av jubilanten om runer. |
| 2024 | Matteo Tarsi, Loanwords and Native Words in Old and Middle Icelandic. Turnhout: Brepols, 2022. 332 sider. Journal of Historical Sociolinguistics 10:2, s. 315–319. PDF Lenke |
| 2023 | Kåre Hoel, Bustadnavn i Østfold. 20. Rakkestad. Utgitt av Tom Schmidt. Oslo: Novus, 2021. 679 sider. Namn og nemne 40, s. 136–141. PDF Lenke |
| 2019 | Bente Lavold & John Ødemark (red.), Reformasjonstidens religiøse bokkultur cirka 1400–1700: tekst, visualitet og materialitet. Oslo: Nasjonalbiblioteket, 2017. 293 sider. Collegium Medievale 32:1, s. 96–101. PDF Lenke |
| 2016 | Ernst Håkon Jahr, Language planning as a sociolinguistic experiment. The case of modern Norwegian. Edinburgh: Edinburgh University Press, 2014. 218 sider, og Språkplanlegging og språkstrid. Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. Oslo: Novus, 2015. 157 sider. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 34:1, s. 107–116. PDF Lenke |
| 2013 | Agnete Nesse, Innføring i norsk språkhistorie. Oslo: Cappelen Damm akademisk, 2013. 229 sider. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 31:2, s. 290–297. PDF Lenke |
| 2023 | Middelalderen her og nå Erik Opsahl og Ivar Berg. Adresseavisen 28.2.2023, s. 32–33. Lenke — Kronikk om korleis mellomalderen er aktuell i dag, skriven i samband med lanseringa av ei mellomaldersatsing ved NTNU. |
| 2022 | Trondheims første norskprofessor: Ragnvald Iversen Universitetsavisa 3.10.2022. PDF Lenke — Kort omtale av R. Iversen og dei viktigaste faglege arbeida hans. |
| 2021/ 2020 |
Meldalsgrensene for 500 år sidan Årbok (Meldal historielag) 2021, s. 13–19. PDF — Gjennomgang av ei vitnehøyring om meldalsgrensene i 1529 med merknader om historiske forhold og stadnamna. Artikkelen vart trykt same stad i 2020 (s. 14–17), men ved ein inkurie kom berre første helvta av stykket med. |
| 2020 | Kjeldekritisk kongesoge Dag og Tid nr. 3, 17.–23. januar 2020, s. 27. Postprint — Omtale av Øystein Morten: Jakten på Olav Tryggvason. Vigmostad & Bjørke, 2019. Postprint-fila inneheld nokre arbeidsnotat i tillegg til avisstykket. |
| 2019 | 100 år med nygamle fylkesnamn Norsk Tidend 2019 nr. 5, s. 15–17. Postprint Lenke — Om prosessen fram til innføringa av fylkesnamna i 1919. |
| 2018 | Namn som kulturelle symbol Riss 2018 nr. 1, s. 72–80. Postprint — Viser korleis personnamn og særleg stadnamn var viktige i den norsk nasjonsbygginga. |
| 2017 | Kristendomen og språkhistoria Språknytt 2017 nr. 3, s. 24–27. PDF Lenke — Ein stubb om kva rolle kristendomen har spela for det skrivne og lesne ordet i Noreg, skriven i høve reformasjonsjubileet. |
| 2017 | Namnet Akrinn på Kalvskinnet Adresseavisen 5.4.2017, s. 40. PDF Lenke — Lesarinnlegg med kritikk av namnet Akrinn på Teknologibygget ved NTNU på Kalvskinnet. (Biletteksten var det desken som skreiv; det er ikkje mine trykkfeil.) |
| 2016 | Då norsk vart eit eige språk Språknytt 2016 nr. 1, s. 28–31. PDF Lenke — Ein populær versjon av artikkelen «The making of the Scandinavian languages» (2016c ovanfor). |
| 2015 | Nokre stadnamn, særleg gardsnamn – og litt om dialekt Årbok (Meldal historielag) 2015, s. 5–9. PDF — Om nokre stadnamn og uttalen av dei i Meldalen. |
| 2015 | Da erkebispen prøvde seg som sjørøvar Spor 2015 nr. 1, s. 32–34. PDF — Ekstremt tabloid framstilling av kva som skjedde da erkebispens menn kapra framande skip, og folk kom til Noreg for å søkje erstatning. |
| 2013 | Sexus, genus, namn og kjønn Riss 2013 nr. 2, s. 12–17. Postprint — Om sambandet mellom grammatisk og naturleg kjønn, tvikjønna personnamn o.l. |
| Upub. | Brannkrossetåtten Ikkje publisert. PDF. |
| 2014 | Soga om Torstein Side-Hallsson I Islendingesagaene, band II, s. 407—418. PDF. |
| 2014 | Tåtten om Torarin Ofse I Islendingesagaene, band II, s. 443—445. PDF. |
| 2014 | Soga om Torstein Kvite I Islendingesagaene, band IV, s. 301—308. PDF. |
| 2014 | Soga om Ølhette I Islendingesagaene, band V, s. 199—204. PDF. |