Ivar Berg –
Institutt for språk og litteratur –
NTNU
Undervising
Eg plar undervise på basisemnet NORD1106 Språkhistorie og talemål. Læreboka Språket som vart norsk er skriven med NORD1106 i bakhovudet.
Kvar haust held eg kurset NORD2200 Eldre språk, skiftevis fordjuping i norrønt språk og innføring i runer (runologi). Eg har òg undervist på basisemnet NORD1102 Grammatikk og pragmatikk (mest morfologi) og masteremnet SPRÅK3002 Språkvitskaplege teoriar, og elles hatt mindre innsmett i andre emne.
Eg har samla ein del videoførelesingar – dels skikkelege opptak, dels lysbilete med lydspor – på denne sida, medan nokre nyttige dokument og lenkjer knytte til undervisinga i språkhistorie ligg her.
Rettleiing – MA-oppgåver
Eg rettleier masteroppgåver innanfor alle delar av norsk språkhistorie, og studentar kan gjerne ta kontakt for å diskutere idear til potensielle oppgåver. Eg har liggjande ein del forslag til tema eg kan tenkje meg å rettleie (lista nedanfor er langt frå fullstendig). Med høveleg avgrensing kan desse temaa også brukast i BA-oppgåver.
Tema i nokre oppgåver eg har vore rettleiar for (dels «titlar», dels tema):
- «Bustadnamn i Møsstrond sokn»
- «Særtrekk ved det norske balladespråket»
- Flerspråklighet og språkkontakt på 1700- og 1800-tallet i Trondheim
- Talemålsvariasjon i dag [fleire oppgåver om ulike stader]
- Aslak Bolts jordebok i eit literacyperspektiv
- «Utvidelsen av den yngre fuþark i høymiddelalderen»
- «Runer i populærkultur»
Nokre døme på tema eg gjerne vil rettleie (lista er ikkje uttømande, og eg diskuterer gjerne alle idear som har med språkhistorie inkl. dialektar å gjera):
- Språket i eit utval mellomnorske tekstar (fonologi/morfologi/syntaks/leksikon)
- Tema frå gamalnorsk grammatikk, til dømes analyse av språket i eit utval tekstar (inkludert runeinnskrifter), eller eit avgrensa emne i fleire tekstar (gjerne med bruk av digitale korpus)
- Landslova på 1500-talet: Studiet av omsetjingar til dansk eller utdrag frå lova i lagmannsbrev. Forstod dei gamalnorsken?
- Språket i eldre privatbrev (t.d. amerikabrev, eller frå ulike arkiv). Korleis skreiv eigentleg vanlege folk, og korleis bruka dei skrift?
- Dialekt før og no: Jamføring av ei eldre dialektskildring med nyinnsamla data
- Stadnamn: Anten tradisjonelt (tyding, namnelaging, namnedaude) eller sosiolingvistisk (t.d. strid om stadnamn)
- Personnamn i éi eller fleire eldre kjelder: Opphav, bruk og jamføring med dagens statistikk.
- Historia om Landslaget for språklig samling